play_arrow

keyboard_arrow_right

Listeners:

Top listeners:

skip_previous play_arrow skip_next
00:00 00:00
playlist_play chevron_left
chevron_left
  • cover play_arrow

    Radio Stryn Din lokalradio

LYTTESENTER

Høyr våre program

Her kan du høyre Radio Stryn direkte gjennom ulike nettradiospelarar eller via dei utmerka appane våre med tilpassa versjonar for både brukarar av Android og Apple.

Nettradio direkte

Mobil, nett og PC/Mac fungerar fint for å høyre radio og er ein viktig del av den digitaliserte radioen. Du kan høyre oss via datamaskin, nettbrett, mobiltelefon og nettradio på mange plattformer og frå ei rekkje leverandørar. Vel den føretrekte avspelingsmetoden din nedanfor.

radioplayer_bypara

Radioplayer

mediaplayer_bypara

Mediaplayer

Hjelpesenter

For å spela av lyd treng du følgjande:

  • Internettsamband
  • Nyere nettlesar
  • Lydkort/høgtalar/hovudtelefonar

Vi tilrår brukarar å installera den nyaste versjonen av nettlesaren og dei siste tryggleiks- og forbetringspakkar til avspelingseininga som nettlesaren blir køyrd på. Avspelingseininga di må støtte lydformatene aac eller mp3.

Du kan lytta til radio på mobilen via radioapplikasjonar (radioapp’ar) eller standard nettbaserte avspelarar. Du kan bruka alle avspelarane våre direkte på mobilen eller smarttelefonen din. Det er berre å klikke på “play”, og du er i gang.

Vêr merksam på at streamet lyd er ei kontinuerleg nedlasting som gjer at det kjem kostnader når mobilen din brukar mobile nett og ikkje wifi. Strøyming tømer òg mobilen raskare for batteri enn normalt.

Er smarttelefonen din kopla til eit trådlaust nettverk, vil du ikkje forbruke av di tildelte datamengd. Men vêr merksam på at dersom du er på farta og tilkopla 4G, vil radiobruken strøymast over mobilnettet. Då bruker det av datakvoten du har i mobilabonnementet ditt.

Kor mykje data du bruker er avhengig av kvaliteten på lydstrømmen. Standarden vår lydstrøm held, er ein kvalitet på 128 kbps og ein time med radio-strømming vil omtrentleg bruke mellom 60 og 90 MB med data.

Når radioen er kopla til internett er det berre å velja internettradio og klikke på «scanning». Vel deretter “Norway” og “Local radio stations”. Då vil du få opp ei alfabetisk liste over norske lokalradiostasjonar. Scroll deretter til du finn radioen vår og vel denne.

bypara_logo_radiostryn_vertikal

Fjordingen AS

Organisasjonsnummer: 958 988 419

Kontaktperson: Ove André Aarskog

Radio Stryn er medlem av Norsk Lokalradioforbund.
Radio Stryn arbeider etter Vær Varsom-plakatens reglar for god presseskikk.

Sida er utvikla av PARA AS for Radio Stryn

0%