play_arrow

keyboard_arrow_right

Listeners:

Top listeners:

skip_previous play_arrow skip_next
00:00 00:00
playlist_play chevron_left
chevron_left
  • cover play_arrow

    Radio Stryn Din lokalradio

DIN LOKALRADIO

Dette er Radio Stryn

Radio Stryn dekker kvar krik og krok i Stryn og Hornindal og har eit nedslagsfelt til nærmare 10000 innbyggarar. Radio Stryn starta opp i 1988. Riktig nok med nokre prøvesendingar i 1987. I 2006 blei Radio Stryn ein del av mediehuset Fjordingen AS.

Vi har som mål å lage ein god og stabil lokalradio med lokale nyheiter på sikt. Vi sender 18 timar i døgnet, 365 dagar i året og du finn oss på DAB, FM nettet og Internett. Vi fekk i 2022 konsesjon for lokal DAB i Nordfjord og Sunnfjord og kom på lufta med ny DAB omformer på Veten/Hogden i Stryn 6. oktober 2023.

Våre sendingar består av nyheiter, lett morgon- og ettermiddagsunderhaldning, lokalmusikk, bingo, 17. mai program, julesendingar, RadioQuiz valsendingar, kommunestyremøte, Jazz, Blues, Rock, og ei rekke andre lokale program med gjester i studio. Sjølvsagt sender vi favorittmusikken din og vi spelar dagens største hits, blanda med dei største og beste låtane frå 70-80-tallet og fram til i dag. Vi legg vekt på variasjon og likar å grave i musikkbunkane for å sørge for at du alltid høyrer noko nytt og kan bli hos favorittstasjonen din lenge!

Sjå vårt dekningsområde

Gå til vårt lyttesenter

Spill bingo med oss

Radio Stryn er finansiert av reklame og sponsorinntekter. Dette er ein glimrande måte for næringslivet i regionen til å bli høyrt. Ta gjerne kontakt for gode idear. Vi har flinke folk som kan hjelpe deg å lage en proff reklame på vår kanal. Bingo på torsdagane er også ei kjærkomen inntekt som bidreg til drift av radioen.

Vi er ein liten gjeng i radioavdelinga til Fjordingen som synes det er viktig å støtte opp om lokalradioen og drive den vidare. Vi håpar sjølvsagt at lyttarane våre er samd i dette og støttar oss så lang det er muleg. Ove Aarskog er kanalansvarleg.

Radio Stryn er medlem av Norsk Lokalradioforbund.

Historisk tilbakeblikk

I 1971 ga Stortinget løyve til at andre enn NRK kunne få konsesjon til kringkastingsdrift. I hovudsak vart konsesjon tildelt radioar som skulle fungere som øvingsradioar for studentar på medieutdanningar rundt i landet. Desse radiostasjonane sende også berre nokre få timar for veka. Den form for nærradio vi kjenner i dag, starta i desember 1981. Her vart det gjeve løyve til prøvekonsesjonar som varte til midt i 80-åra. Den historiske kringkastingsreforma som vart gjennomført på denne tida førte til at NRK mista sitt lovfesta monopol på kringkasting.

I første perioden vart det utdelt 50 konsesjonar til 10 stadar i landet. Kommersiell drift var ikkje tillate, og det vart stilt krav til programinnhaldet. Program som berre inneheldt musikk med eller utan annonsering, var ikkje tillate. Før nærradioane kom var det berre ein radiokanal i landet. Folk som like å høyre på musikk vart nøydde til å høyre på utanlandske stasjonar. Her var både svenske kanalar og Radio Luxembourg gode alternativ. Nærradioane spelt musikk som folk like å høyre på, og dette førte til at NRK oppretta fleire kanalar med eit betre musikktilbod, P2 seinare P3.

Nærradioane førte til ein revolusjon på området radiolytting i landet. Utover mot 80-åra var andelen som lytta på NRK- radio kvar veke rundt 5 %. Etter som fleire og fleire nærradioar dukka opp auka andelen radiolyttarar til om lag 20 % i 1984. I nærradioane var arbeidet i hovudsak basert på friviljug og ulønna arbeid. Entusiasmen var stor i starten, og det vart lagt ned mykje kreativt arbeid. Talet på nærradioar auka sterkt utover i siste halvdel av 80-åra, og var ved utgangen av 1988 fram mot 400.

Prøveperiode
Radio Stryn kom i gang med prøvesendingar sommaren 1987. Radiosendingane kom i gong som eit resultat av samarbeid mellom turistorganisasjonane og avisa Fjordingen. Fjordingen hadde nettopp overteke  Øvrebergbygget, og her var det inntil vidare ledig lokale  for radioverksemd.

Radiodrift er teknisk komplisert og utstyrskrevjande. I første omgang vart det leigt inn teknisk utstyr til å drifte radioen. Her var det snakk om både miksebord, avspelingsmaskiner, opptaksutstyr og sendar og omformarar. Alt utstyret skulle monterast og prøvekøyrast for å sjekke ut at alt fungerte før sendingane kunne kome i gang.

Einar Skjerven var første redaktøren i Radio Stryn. Foto: Fjd

Å finne fram til entusiastiske og arbeidsvillege medarbeidarar var ikkje vanskeleg.  Einar Skjerven vart tilsett som redaktør som sommarradioen. Han hadde vakse opp i ein radiointeressert familie, far hans Eivind, hadde vore medarbeidar både for Vigra lokal og lokalradioen i Sogn og Fjordane. Einar hadde også hatt mediefag som valfag på ungdomsskulen, og i militæret var han redaktør for leiravisa på Jørstadmoen. Den fekk dei forresten Albertprisen for det året.

Som medarbeidarar på program og teknikk hadde Einar med seg Birger Meland, Stig Arne Skjerven, Frode Sunde, Inge Ketil Sandvik, Inger Sunde, Hilde Rusten og Jarle Grov.

Programopplegget for desse sendingane vart svært omfattande. Mange av sendingane var retta mot turistar, både norske og utanlandske. Sendingane starta klokka 8 om morgonen og heldt gjerne på til midnatt. I tillegg til at sendingane skulle gå «på lufta», skulle nye sendingar planleggast og leggast til rette. Det var også eit omfattande arbeid med å få inn informasjon frå turistverksemdene. Det var lokale vermeldingar, temperaturar både i luft og vatn, rom- og hyttebørs og lokale tilstellingar. Medarbeidarane var stadig på farten for å lage reportasjar rundt om frå heile distriktet.

Vinteren 1988 vart det gjennomført ei interesseundersøking mellom ulike verksemder i Stryn og Hornindal med tanke på å skaffe seg oppslutning til ei vidareføring av nærradiodrifta i Stryn. Oppslutninga var svært god, og gav godt grunnlag for å arbeide vidare med fast etablering av radiodrifta. Hornindal kommune såg det som naturleg at innbyggjarane her også fekk tilgang til radioen sine sendingar. Intensjonen var å kome i gang med sommarradio etter mønster frå 1987, og etter kvart gå over til ordinære sendingar utover hausten.

Interimstyret som vart vald for prøveperioden hadde konstituerande møte 24. mars 1988. På saklista stod konstituering av styret, søknad om konsesjon for radiodrift, tilsetting av redaktør og budsjett for første driftsåret. Hans Sigmund Kirkeeide vart vald til første styreleiar. Med seg i styret fekk han Daniel Muri, nestleiar, Anne Mari Tomasgard sekretær og Kari Sæbø Muri som økonomiansvarleg. Birger Meland vart tilsett som redaktør. Budsjett for første driftsåret vart sett opp med ei bruttoinntekt på kr. 490.000.-

Konsesjon for radiodrift
Den første offisielle konsesjonsperioden starta 1. mai 1988. Konsesjon vart tildelt av Nærkringkastingsnemnda. Konsesjonsvilkåra og søknadsprosedyrane vart kunngjort i pressa i februar/mars 1988. Søknadsfrist vart sett til 4. april 1988.

Søknaden om konsesjon vart oppsett av styret. Det vart søkt om radiodrift med ein hovudsendar og 5 omformarar. Søknadane skulle gå direkte til Nærkringkastingsnemnda. Nemnda ville så sende søknadane tilbake til kommunane for uttale. I Radio Stryn sitt tilfelle skulle både Stryn kommune og Hornindal kommune gje uttale til søknaden. I brev av 10. juni 1988 fekk Radio Stryn innvilga løyve til gradvis utbygging av sendarnett og radiodrift.

Teknisk utstyr
I styremøte 22. juni gjekk styret til innkjøp av sendarutstyr til ein pris av kr. 115.600. Sendarutstyr og omformarar vart plassert i same system som NRK hadde plassert sine installasjonar. Ola Kringlen frå Telenor ytte god bistand i oppsetjing av dette utstyret. Han hadde tidlegare vore engasjert med same oppgåva i Radio Naustloftet i Naustdal. Han bidrog også i planlegging av studio og teknikk.

Her ser vi to av dei sentrale personane i dei første radioåra; Birger Meland og Arne Vik. Birger Meland, redaktør og Arne Vik teknisk ansvarleg. Foto: Fjd

 

Seinare på sommaren vedtok styret låneopptak for å finansiere utstyret ein trong for å kome i gong med sendingane. Studieutstyret var eigd av Fjordingen. To første driftsåra leigde Radio Stryn dette utstyret av Fjordingen.  Leiga for desse åra vart sett til 60.000 for 1989 og kr. 35.000 for 1990. Leiga vart oppgjort i form av aksjar i Radio Stryn utskrivne til Fjordingen. Seinare leige vart sett til kr. 100.- per år. Radio Stryn var ansvarleg for forsikring av utstyret.

I planlegginga av radiodrifta var sikring av driftsmidlar ei sentral oppgåve. Sjølv om nærradioane på denne tida vart drifta mykje på dugnadsbasis, kom ein ikkje utanom å ha faste personar med hovudansvar for drifta. Utstyret som ein hadde bruk for i sendingane var kostbart og måtte haldast i funksjon heile tida. Hovudinntektskjeldene ville vere radiobingo, annonsesal/sponsing, sal av andelar  og frivilleg lyttarløyve.

Aksjeteikning
Partsteikninga starta utover hausten og ved årsskiftet 1988/89 var det teikna 531 partar a kr. 100.- Aksjeteikninga var også god i Oppstryn. Dette førte til at omformarnettet vart utvida med ein sendar i Sandvika. Denne vart seinare flytta til Brekke. Aksjane var klassifiserte i A-aksjar og B-aksjar.

Våren 1989 vart det utarbeidd skipingsdokument for skiping av aksjeselskap, og skipingsdokumentet vart underteikna av skiparane. Skipingsdokumentet og skipingsprotokollen vart samrøystes godkjende av generalforsamlinga på møte 22. november 1989. Totalt sett vart det registrert rundt 450 forskjellege aksjeteiknarar i Radio Stryn.

Etter utviding av aksjekapitalen var dei to største Fjordingen med 1380 aksjar, 38.79 % og Stryn kommune 1020 aksjar, 28,67 %. Hornindal kommune teikna seg med 150 aksjar. Når det galt einskildpersonar låg aksjeteikninga frå 1 til 25 aksjar. Totalt vart det teikna 3558 aksjar bokført med kr. 355800.-

Personale
Etter at radioen vart etablert for faste sendingar, vart Birger Meland tilsett som redaktør frå starten i 1988. I utgangspunktet var han den einaste i denne perioden som var tilsett med fast løn. Mange av dei som hadde program- og teknikaroppgåver t d i sommarsendingane hadde løn for sitt arbeid i kortare periodar. Alt frå starten hadde Radio Stryn eit godt samarbeid med Arbeidsmarknadetaten. Gjennom etaten sine ordningar fekk radioen verdfull økonomisk hjelp til å engasjere mange dyktige medarbeidarar.

Arne Vik vart tidleg tildelt rolla som teknisk ansvarleg. Dette var eit stort ansvar som omfatta både sendarar og omformarar og studioutstyr. Det var også ei viktig oppgåve å prioritere kva utstyr som måtte på plass ut frå dei økonomiske føresetnadane radioen til kvar tid hadde. I 1989 vart Hjalmar Borg tilsett som kontormedarbeidar. Styret såg tidleg at arbeidet med programskaping og sendingar ikkje ga nok tid til å handtere dei kontortekniske gjeremåla som følgde med drifta. Hjalmar Borg arbeidde i Radio Stryn både som kontormedarbeidar og programskapar fram til radioen flytta til Fjordingen sine nye lokale og drifta vart overteken av Fjordingen i 2006.

Birger Meland hadde stillinga som redaktør i Radio Stryn til han fekk arbeid i NRK Sogn og Fjordane i 1992. Etter Birger Meland var Lars Ståle Giskeødegård redaktør i ein kortare periode, mai – oktober 1992. Styret arbeidde med å rekruttere ny redaktør, men på grunn av små økonomiske midlar og dei dårlege lønsvilkåra ein kunne tilby, var ikkje potensialet stort for å få folk på plass. Arne P. Sunde vart beden om å stå som ansvarleg redaktør utan løn fram til meir permanent ordning kom på plass. Dette viste seg å bli ei permanent ordning som varte fram til Fjordingen tok over, då fekk han høgtidleg oppseiing frå stillinga – ei stilling som det ikkje låg føre tilsetjing på.

Hadde det ikkje vore for korttidsstillingane og det friviljuge arbeidet, ville ein nok ha slite endå meir med drifta av radioen. Første 6 – 7 åra var entusiasmen stor og mange dyktige medarbeidarar gjorde ein fantastisk innsats både i programproduksjon og teknikk. Det vart også utarbeidd eigne instruksar for personalet i radioen både for redaktør, programmedarbeidarar, teknikar og kontoransvarleg.

Lokale
Radio Stryn sende første tida frå lokala til Fjordingen i Øvrebergbygget. Seinare flytta ein til andre høgda i bygget til Stryn samyrkjelag. Her disponerte ein etter kvart fleire rom, og tilpassa lokala til den drifta radioen hadde. Her var det både teknisk rom, studio, kontor og opphaldsrom. I desse lokala kunne ein også lage sendingar med musikkgrupper i studio og konkurransar med to lag i  to forskjellege rom.

Nordfjord Handelslag hadde bruk for lokala til anna bruk, og sa opp leigeavtalen frå 31.12.96. Radioen måtte på nytt på leiting etter nye lokale. Denne gongen hamna Radio Stryn på Stryn stadion, i andre høgda på nybygget dei bygde på denne tida. Her vart Radio Stryn verande til 2006 då radiodrifta var tilbake i Fjordingen sine lokale.

I dei første driftsåra vart det arbeidd mykje med å få til samarbeid med dei andre nærradioane i distriktet, Radio Jølst, Nordfjord Nærradio på Eid og Gloppen nærradio.  Dette samarbeidet resulterte i nokre samarbeidsprosjekt, men ikkje til eit meir utvida samarbeid. Gloppen kulturstyre vedtok samarbeid med Nordfjord Nærradio og søkte om konsesjon i lag. Fleire meinte at eit slikt utvida samarbeid ville svekke den lokal forankringa som radioen hadde ved å arbeide i eit meir avgrensa geografisk område.

Radio Stryn laga ein samproduksjon med Radio Tydal og Singer. Radio Stryn sitt bidrag i dette opplegget var å lage eit faktaprogram om Singer sine bidrag til bygging av Nordfjors sjukehus og vegen Olden – Innvik.

Økonomi
Frå starten av var det tre hovudinntektskjelder som utgjorde driftsgrunnlaget: Bingo, friviljuge lyttarløyver og annonsering. Av samla inntekter utgjorde bingoinntekta nærare 75 % av bruttoinntekta. Friviljuge lyttarløyve gjekk også nedover utover på 90-talet. Det var vanskeleg å få folk til å betale løyvet sjølv om intensjonane truleg var gode.

Det vart lagt det mykje arbeid for å skaffe radioen annonseinntekter, men styret såg fort at her kosta arbeidet meir enn det ein hadde att i utbytte. Den annonseringa som gav visse faste inntekter var sentralt utarbeidde annonser frå større aktørar.

Kva sende Radio Stryn?
Radio Stryn hadde ei svært stor oppslutning dei første åra. Folk som lytta på radio, lytta på Radio Stryn. Interessa var nok knytt til spaninga rundt å høyre og oppleve naboar og kjenningar på lufta. Nærleiken til folk og kjennskapen og identifiseringa med både programleiarar og innhald var nok ei bærande kraft for interessa. Og folk stilte opp til intervju og støtte for radioarbeidet.

Sommarsendingane første åra var svært omfattande. Sendingane var tiltenkte turistar frå inn-og utland. Fleire av sendingane hadde informasjon både på norsk, engelsk og tysk. Reiselivet støtta opp med informasjon om både kva folk kunne oppleve og kvar dei kunne finne overnattingsstadar i kommunane. Radioen oppretta eige programråd som arbeidde med både programidear og kurs for nye medarbeidarar. Det vart også arrangert idedugnad med godt frammøte frå heile sendeområdet. Mange idear kome fram, og ein god del av desse vart også realiserte.

Politiske program vart godt mottekne. Radioen hadde både referat og intervju etter politiske møte, og presentasjon av politikarar. Etter kommunevalet i 1992 vart alle dei nye i kommunestyra i Hornindal og Stryn presenterte. Det vart lagt opp til ein liten times program der kvar politikar fekk presentere seg, fortelje om sine politiske prioriteringar og meir om personlege interesser. Kvar deltakar valde også ut musikk dei likte som vart presentert i programmet.

Radiodrifta i Stryn starta med sommarsendingane i 1987. Sommarradio med turistprogram var eit svært omfattande opplegg med eigne ansvarlege. Sommarradioen heldt det gåande til og med sommaren 1996.

Programmet som var ein tradisjon i mange år vår julehelsingsprogrammet veslejulaftan. Folk ringde inn frå nær og fjern og sende julehelsingar til familie, vennar og kjende. Programmet var annonsert gjennom Fjordingen og dei som ikkje kunne lytte til RS fekk informasjon på denne måten. Det var oppringingar frå utflytta Stryningar og Honndøler frå heile landet, til og med både frå Tyskland og USA. Utdeling av julestjerne med ordørarane i Stryn og Hornindal vart eit populært program utover i 90 åra. Dette går ennå. I den aktive tida hadde Radio Stryn til og med sending på julaftan før middag.

Radio Stryn knytte til seg mange dyktige kåsørar, og kåseri om sentrale tema vart svært godt motteke mellom lyttarane.

I 1990 vart det arrangert ein spørjekonkurranse mellom skulane i Stryn og Hornindal. Konkurransen vart lagt opp etter malen som vart brukt i NRK sin konkurranse for skulane i landet: Kven veit? Det vart påmeldt 16 skulelag. To lag frå Hornindal og 2 frå Tonning skule. *Dei andre skulane stilte med eitt lag frå klassetrinna 4. – 6. klasse. Det vart utarbeidd 280 spørsmål til sendingane + nokre tilleggsspørsmål. Konkurransen gjekk over 19 sendingar som varte mellom 1 og 1 ½ time . Ansvarlege for programma var: John A Nesje, Arne P. Sunde og Birger Meland. Finalen fredag 6. april 1990 vart avvikla direkte frå Hotel Alexandra. Det var frammøtt 3 – 400 tilhøyrarar/tilskodarar i salongen. Stemninga var stor i salen. På scena i finalen: Olden skule og Markane skule. Etter ein svært spanande finale stod Markane skule att som vinnarar.

Med på laget var: Antonie Karete Haugen Kongsvik, Roar Nybø og Endre Danielsen Holen. Svært flinke elevar frå skulane i Stryn på denne konkurransen, men kunne dei svart på spørsmåla i dag? Førstepremien var tur til Oslo og vere med på landsfinale i NRK med Andreas Lunnan. I tillegg fekk dei omvising i NRK. Sikkert eit minne for livet.

Oppslutninga frå 1990 vart følgt opp med ein «vaksenkonkurranse» i 1991. Interessa for konkurransar i radioen var stor, og 16 lag frå heile området melde seg på. Laga hadde valt seg ut kreative namn som: Kvinneforeininga Vonlaus, Bompi-Bjørnane, B-Gjengen, Geni-Gjengen, Johanskameratane. Kvart lag var sett saman av tre personar, og mange hadde nok sine spesialfelt å svare på. Det mest sære svaret som vart gjeve var Europeiske Kongehus. Trur ikkje der var spørsmål i denne kategorien.

Konkurransen vart avvikla som cup. To og to lag møttest, og vinnaren gjekk vidare til neste runde. I finalen 24. mai i 1991 møttest Hoplandskarane og Vestkarosseri II. Etter 12 spanande spørjerundar gjekk Vest II med lagleiar Paul Hatledal av med sigeren. I bronsefinalen slo Bompibjørnane kvinneforeininga Vonlaus.

Kombinasjonen konkurranse og musikk var også populært. Og Vidar Bergset og Arne P. Sunde var ansvarlege for ein musikkonkurranse i 2001 med 6 tremannslag frå heile området. Opplegget var ein lett versjon av Kontrapunkt i fjernsynet, og Vidar Bergset hadde valt ut allsidige musikkdøme og spørsmål frå si rikhaldige platesamling. Musikken kunne variere frå Adeste Fidelis, Til Elise og Bethoven til artistar som Johnny Cash, Paul Simon og Bruce Springsteen.

Konkurransar som fenga heile tida var rebusar og «quissar» på kveldstid. Desse sendingane vart basert på at folk som kunne svare, ringde inn. Veldig populært og svært god oppslutning. Dette er ei sendeform som Radio Stryn også har i dag.

Radio Stryn hadde omfattande sendingar frå to store, nasjonale skiarrangement ved Ullsheim:  Junior NM skiskyting 1994 og NM på ski i 1996. Junior NM i 1994 vart avvikla med Radio Stryn sine eigne folk. Radio Stryn sette opp ein stab på 5 personar til sendingane. 4 av desse var aktive på Ullsheim og minst ein i teknikken i Stryn. Hovudansvarleg var Torstein Tvinnereim, ikkje heilt ukjend med skiskyting sjølv. Et var lagt opp ein omfattande sendeplan med sendingar frå onsdag 9. mars til søndag 13. mars. Det var direkte overføring frå løpa, og sending frå premieutdelingane i Stryn Kulturhus. Eit svært vellukka opplegg som også fekk mykje skryt både av aktive og publikum.

Erfaringane frå junior NM sendingane gav Radio Stryn mot til å lage eit liknande opplegg då Markane fekk tildelt NM på ski i 1996. For å sikre seg gode samarbeidspartar, søkte ein kontakt med medielinja ved Høgskulen i Volda. Planlegginga starta våren 1995 med både lokale møte, og møte med Høgskulen. Planane vart lagt i detalj. Høgskulen skulle ha det programmessige sendeansvaret under NM, som ein treningsradio for sine elevar, og Radio Stryn skulle stille med teknisk og lokal bistand for studentane.

Samarbeidet med Volda var svært godt, og både lærarar og studentar var svært godt fornøgde med Radio Stryn sitt bidrag i opplegget. Det var eit veldig hektisk opplegg i ein reell radioproduksjon i konkurranse med andre media. Studentane fekk prøve seg ut i ein realistisk arbeidssituasjon og var svært positive på dei erfaringane dei hadde fått desse dagane. Dei gav også ros til Radio Stryn sine folk for den støtte dei fekk her.

Radio Stryn leverte program både til andre nærradioar og riksmedia frå NM.

Lyttarundersøking
Lyttarundersøkinga vart gjennomført i samarbeid med Høgskulen i Volda nov.- des. 1990. 250 i Stryn og Hornindal vart plukka ut tilfeldig frå telefonkatalogen, oppringde og stilt 22 forskjellege spørsmål. Det vart sett saman eit team som gjennomførte denne utspørjinga. Alle var «briefa» på førehand for å kunne handtere dei oppringde mest muleg likt.

180 svarte på undersøkinga (72 %). Dei andre svart ikkje på telefonen av ein eller annan grunn, eller hadde ikkje lyst til å delta. 80,4 % av dei som svarte, lytta på Radio Stryn. 19 % svarte at dei høyrde ikkje på radio. Ein del gav opp at dei ikkje visste kvar du kunne finne RS og nokre hadde ikkje tid eller det passa ikkje inn i deira tid.

Lyttarprosenten var høgast på Nordsida, Stryn sentrum og Olden. Dårlegast i Oppstryn.  Gruppa 15 – 50 år låg høgast i lyttargruppa. Dei over 50 var lågare. Over 36 % sa at dei lytta på radio 5 – 15 gonger for veka, og ein liknande prosent lytta over 15 gonger. Dette måtte reknast som faste lyttarar. Nokre var meir tilfeldige lyttarar. Dei programma som hadde flest lyttarar var bingoen og fredagssendingane. Av spesielle programtypar folk likte å høyre på kom konkurransar svært høgt, det gjorde også musikkprogram, reportasjar og politiske program – t d rapportar frå politiske møte.

Høgskulen i Volda hjelpte til med å dataregistrere alle svara og skrive ut rapportar. Det vart laga ein eigen rapport frå denne undersøkinga.

Nyare tid
Avisa Fjordingen tok over Radio Stryn i 2006 og radioen blei flytta frå lokala på Stryn stadion til avishuset i Myrane 7. Det blei gjort store investeringar i teknisk utsyr i studioet og radiomann frå Ålesund Jan Ove Steffensen og Anfinn Byrkjedal bidrog sterkt til at dette kom i orden. Her var det Venke Nesje som vidareførte radioen i beste radioånd og seinare vart Inge Matias Tvinnereim og Jarle Lødemel i kvar si 50% stilling heilt til Sandra Norheim tok over. Ho køyrde radiobingo torsdagskveldane.

Etter at Sandra søkte nye utfordringar, tok Ove André Aarskog over i 2010. FM nettet låg meir eller mindre brakk og det første Ove gjorde var å kontakte pensjonert bank og radiomann Arne Vik. Han var i si tid med å bygde opp Radio Stryn i 1986/87 og var for Ove ein stor resurs. Dei reiste ut på alle dei 9 stasjonane og gjekk i gjennom det tekniske utstyret. Det vart fort konkludert med at det måtte store investeringar til for få sendenettet stabilt. Fjordingen beslutta å oppgradere sendenettet og store investeringar blei gjort nok ein gong for å få eit stabilt sendenett.

Det blei i første omgang køyrd kun radiobingo torsdagane og etter kvart blei sendenettet slått på litt oftare. Det starta med å utvide sendetida i juni 2018 med sending frå 06.00 til 20.00 der det blei etablert nyheitssendingar kvar heile time frå 06.00 til 19.00 og programstikk med Hanne Fleischer og Endre Lundgren. Dette levert av Bording media. Radio Stryn blei også medlem av Norsk lokalradioforbund der vi har fått god veiledning, råd tips og hjelp og samtidig knytta viktige kontakter for vidare drift.

Radio Stryn blei 24/7 radio i januar 2019 og sender med dette heile døgnet. Hausten 2022 søkte Radio Stryn om DAB-konsesjon og fekk tilslag om dette for Nordfjord og Sunnfjord. I skrivande stund 2022/23 har vi søkt om midlar til utbygging av DAB.nettet og ventar på avklaring om vi får tildelt midlar om utbygging.

Vi er i dag ein flott gjeng på 7/8 personar som lagar program og bidreg til at Radio Stryn er eit flott alternativ til riksdekkande radiokanalar.

bypara_logo_radiostryn_vertikal

Fjordingen AS

Organisasjonsnummer: 958 988 419

Kontaktperson: Ove André Aarskog

Radio Stryn er medlem av Norsk Lokalradioforbund.
Radio Stryn arbeider etter Vær Varsom-plakatens reglar for god presseskikk.

Sida er utvikla av PARA AS for Radio Stryn

0%