Radio Stryn har søkt om og fått konsesjon for lokal DAB.
– Vi har fått løyve til å bygge og drifte lokal DAB. Konsesjonen er gitt av Medietilsynet og nasjonal kommunikasjonsmyndighet. Konsesjonsområdet var inndelt slik at Nordfjord og Sunnfjord var i eitt og vi startar opp med å bygge i det området som dekker flest lyttarar. Om andre vil drive lokal DAB i Sunnfjord kan dei gå i dialog med Radio Stryn og kome til ei einigheit om dette. Vi ser ikkje for oss og bygge nett i Sunnfjord seier Ove André Aarskog i Radio Stryn.
Aarskog seier vidare at det no er søkt om midlar til utstyr:
– Vi har søkt om midlar til nytt utstyr som krevst for å kome på lufta med DAB og reknar med å få svar frå Medietilsynet i slutten av januar eller starten på februar. Om vi er
heldige og kjem i posisjon til å få tildelt midlar set vi i gang så fort som muleg, og då håpar vi å kunne vere på lufta i løpet av andre halvår.
Han ser fleire fordelar med lokal DAB.
– Vi ser føre oss at ved å vere på fleire flater, vil tilgjengelegheita bli langt større for våre lyttarar og vi er til stades på dei lytteplattformene som lyttarane ferdast i. I dag er det utan tvil DAB som gjeld. Lyttartala vil bli langt høgare, og vi vil bli langt meir synlege og interessante for våre annonsørar som bidreg til at vi kan drive Radio Stryn på ein god måte.
– Kva med FM-bandet? Kan lyttarane framlies bruke FM-radio?
– Vi har ingen plan om å slå av FM-sendarane, men vil nok drifte desse i fleire år framover. Så vil utviklinga vise kor lenge det er rett prioritering, avsluttar Aarskog.