Laurdag 28. januar inviterar Marling & Musikk til ope hus frå klokka 13.00. Det er 10 år sidan dei starta opp og dette må feirast med kaker og kaffi og sjølvsagt massevis med god underholdning på radioen denne dagen. Velkomen til Myrane 7 seier John Os og Johnny Hjelle.
Marling & Musikk
Denne radioposten har nå vart i utrulege 10 år, noko som skal feirast med eige jubileum
Laurdag 28. januar 2022
12.00 God ettermiddag
John og Johnny drar i gang jubileum med gode minner, konkuransar og masse god musikk. Sjekk også facebook og vår nyleg lanserte nettside, www.radiostryn.no.
13.00 Dørene opnar
No blir det radiojubilering og mingel. På radioen går gamle M&M sendingar. Alle som likar musikk er invitert til studio for ekte marling og mingling. Det serverast rikeleg med kaffi og kaker.
15.00 Lyttartimen
Vi pratar med nokre faste lyttarar og spelar frå radioen sin rikhaldige singelsamling.
16.00 Klipp frå gamle M&M sendingar.
17.00 Live
Vi får besøk av Verdsmannen Torbjørnsen som vil spele for oss på direkten. Verdsmannen er særdeles aktiv for tida med turne og innspeling av ny plate.
John og Johnny rockar vidare med live vinyl album.
20.00 10 år på lufta med John og Johnny
Odd Martin og Ove gjer litt stas på John og Johnny som starta opp i Radio Stryn for 10 år sidan. Jubilantane er sjølvsagt hedersgjestar i studio, på andre sida av bordet denne gong. Så får vi sjå korleis dei tar den utfordringa.