Lokalradioen, med Ove Andre Aarskog, inviterer nok ein gong til utdeling av dei tradisjonelle julestjernene.
I år er det varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim, og ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, som gjestar lokalradioen for å gjere stas på innbyggjarar i Stryn og Hornindal. Ordførarane skal dele ut julestjerner til innbyggjarar som dei meiner fortener ei lita påskjønning no i førjulstida. Som vanleg blir mottakarane ringt opp for ein liten prat på direkten.
Johnny Hjelle og John Os køyrer også igang «Julestift» rett etter at julestjernene er delt ut.
Den tradisjonelle og populære førjulssendinga i Radio Stryn vert leia av Ove Andre Aarskog.
– Får du ikkje med deg programmet tysdag kveld kan du høyre det i reprise på julaftan, seier Aarskog.