play_arrow

keyboard_arrow_right

Listeners:

Top listeners:

skip_previous play_arrow skip_next
00:00 00:00
playlist_play chevron_left
chevron_left
  • cover play_arrow

    Radio Stryn Din lokalradio

Treffsikker annonsering

Kvifor bruke oss som annonsekanal?

Du kan late att auga for alle dei visuelle reklamebodskapane du blir eksponert for kvar dag, men har du nokon gong klart å stenge lyden ute?

Radio er ein fantastisk mediekanal. Medan auga dine konkurrerer om fleire annonsebodskap parallelt på både print og web, kommuniserer vi berre ein bodskap om gongen på radio. Radioreklame appellerer til fantasien til lyttarane og krev ikkje same merksemd som andre medium.

Radioreklame er òg tett på innkjøpsaugneblinken, aktuell, god på å gjennoppfriske bodskap og gir derfor stor effekt på kort tid. Ein annan fordel er at reklamen din kjem raskt og effektivt ut til den lokale marknaden – og ikkje minst – du er åleine om merksemda! Med radio når du menneske der dei er og når dei minst ventar det – og gjerne medan dei er på farten. Det kan anten vere i bilen til eller frå jobb, på veg til butikken, henting på handballtrening eller på arbeidsoppdrag, eller det kan vere heime, på hytta, på tur med hunden eller i butikken

Visste du at ...

Berre 1 av 10 radiolyttarar byter kanal, når reklamen kjem

Kommersielle moglegheiter

Vi kan tilby deg som annonsør fleire spennande marknadsføringsmoglegheiter. Under ser du eit utval av dei kommersielle produkta våre. Ikkje nøl med å kontakte oss, slik at vi i samarbeid kan setja saman den optimale kampanjeplanen for deg som annonsør.

Ein radioannonse (spot) formidlar bodskapen din på ein kraftfull og effektiv måte. Bodskapen i radio er oftast kort (vanlegvis 20 til 30 sekund), men høyrest ofte. Vi skreddarsyr radiokampanjen din og hjelper deg frå idé til ferdig produkt. Vi kan kombinere spottane med andre produkt, for å sørgja for at du får høgast mogleg gjennomslag for bodskapen din. Prisen på radioannonsen avheng av lengd og volum.

Om du framfor alt vil profilere firmanamnet ditt, merkevara di eller eit produkt, så er sponsing av program og programinnslag ein utmerkt måte å annonsere på. Sponsorvignetten eksponerer annonsøren før og etter det aktuelle programmet eller innslaget.

Sponsing er eitt godt alternativ til vanlege spottkampanjar for ein del annonsørar, anten åleine eller i kombinasjon med vanlege spottar. Sponsorater kan vera spons av vêr, trafikk, sport eller andre faste program. Ta kontakt for ein prat om kva sponsorater som er ledige og kan passa behova dine!

Vi kan tilby skreddarsydde promoaktivitetar og konkurransar som skaper auka merksemd og kjennskap til produktet eller merkevara di!

Kva fungerer best på radio?

Korleis kan du på best mogleg måte utnytte dei verdifulle sekunda du har til rådvelde i ein radioreklame? Radio er eit “augneblink-medium” som fungerer godt til å påverka lyttaren si kjøpelyst og handlekraft der og då. Å reklamere for pågåande kampanjar og tidsavgrensa tilbod er ein god måte å utnytta dette på.

Sidan så mange høyrer på radio i så mange ulike situasjonar og settingar er radio òg eit ypparleg medium for profilannonsering og merkevarebygging. Vi menneske generelt er vanedyr

Hugs på at ...

Skal du bli hugsa må du vera annleis. Du må finna noko som du er god på, som har betydning for ein kunde i kjøpsmodus og som ingen av konkurrentane profilerer seg på.

Nysgjerrig? Overbevist?

Har du eller din bedrift lyst til å prøve radioreklame, så ta kontakt med oss. Vi har radiosendingar heile døgnet, 7 dagar i veka. Vi ordnar alt det praktiske, berre vi får ein tekst med deg, eller vi kan finne ein passande tekst saman med deg, og plutseleg er du på lufta!

Kanskje har du tilgang på ferdige spots, og vi kan legge til lyd, avsender etc. eller vi kan lage spotten her på huset med lokal stemme. Alt er mogleg! Ta gjerne kontakt om du vil prøve ein månad eller 2, 3. Hadde vore kjekt å ha di bedrift med, og sjølvsagt er prisen litt hyggelegare om du vil være med i lengre tid. Dette kan vi snakkast om.

Ring Radio Stryn +47 995 95 779 for ein hyggeleg prat.

bypara_logo_radiostryn_vertikal

Fjordingen AS

Organisasjonsnummer: 958 988 419

Kontaktperson: Ove André Aarskog

Radio Stryn er medlem av Norsk Lokalradioforbund.
Radio Stryn arbeider etter Vær Varsom-plakatens reglar for god presseskikk.

Sida er utvikla av PARA AS for Radio Stryn

0%